juli.14.2021

Sommer

Fjelljeger - sommeraktivitet for alle som liker å gå på tur

Frå 1980 har Sirdal skilag plassert ut 15 postar rundt om i heiane.
Dei fleste er på fjelltoppar. To postar har vore med i alle år; Hilleknuten og Kvinen turiststasjon. Elles kjem det inn nye postar kvart år som vert ståande i tre år. På kvar post står det ei treplate med ein bokstav på som vert skifta kvart år. Totalt har 134 plassar vore fjelljegermål, og dei som har vore med, har vorte kjent i heiane. Og så har dei oppdaga fantastiske stadar, fått utsyn og oversikt, opplevd idylliske krokar og dalar, fine badevatn og fantastiske strender.

Kva gjer du?
Du kan kjøpa deltakarkort i butikkane frå Omlid til Suleskard, eller i resepsjonen på Kvæven. Der vil du finna kva postar som er med i år med
kartreferanser. I tillegg får du informasjon om kor mange poeng kvar post gjev, kor mange poeng du treng for å få bronse-, sølv- og gullmerke. Barn 10 år og yngre får dobbelt opp med poeng.

Når?
Postane vil vera på plass frå 22. mai til 26. september. 

Premiering
I tillegg til medaljar for det enkelte året, samlar du poeng år etter år. Eit gullmerke gjev 3 poeng, sølv gjev 2 poeng og bronse 1 poeng. Når du
har fått 15 poeng, får du fjelljegerstatuetten. Etter det er det premiering ved ulike mellomrom. Kanskje er du fjelljeger nr. 1002?
Nå har 1001 vore med ei eller fleire gonger.
Me ynskjer deg gode turar!

FUN FACTS
• Me har vore på 134 ulike plassar.
• Det har i alt delteke 1001 personar.
• I år startar me 22/5 og sluttar 26/9.
 
aktuelt

mars.21.2024

Påskeferie Sirdal 2024

Påskeferie Sirdal 2024

februar.25.2024

Vinterferie Sirdal 2024

Vinterferie Sirdal 2024

august.14.2023

Sirdalsdagane 2023 PROGRAM

Sirdalsdagane 2023 PROGRAM