BJØNNDALEN OG SMIHEDLAR

BJØNNDALEN OG SMIHEDLAR

BJØNNDALEN OG SMIHEDLAR

BJØNNDALEN OG SMIHEDLAR

BJØNNDALEN OG SMIHEDLAR

BJØNNDALEN OG SMIHEDLAR

BJØNNDALEN OG SMIHEDLAR

BJØNNDALEN OG SMIHEDLAR

BJØNNDALEN OG SMIHEDLAR

Turbeskrivelse:
Dette er ein flott tur i nærområdet til Tonstad. Til saman blir det ein rundtur på 5,1 km, men kan like gjerne delast i tre etapper: Bjønndalen, Trodledalen og frå Øyghedlar til Bjønndalen via Smihedlar. Det blir ein del stigning om ein tar heile turen. Det er god skilting langs heile traseen.

Frå parkeringsplassen i Bekkjedalen går turen på fleire skogsvegar og sti gjennom Bjønndalen til Storemyr. Herifrå er det kort veg ned til bilvegen ved Tjomlid. Bjønndalen er ein vid skogkledd dal med furuskog og granplantefelt. I dei lune dalsidene veks det mange sortar varmekjær lauvskog. Det er også ein av dei få plassane i Sirdal der det veks barlind.

Frå Storemyr kan ein fortsetje ned Trodledalen til Øyghedlar. Her går turen gjennom ein trongare dal i nær kontakt med naturen. Denne delen går på sti, men bortsett frå ei brattare kleiv er det lett å gå ned her.  Her er det også god parkeringsplass og turen kan like gjerne starta her. Denne delen av turen kan også gås som ein del av «Selandsrunden» og då får ein bytta ut asfalt med skogstur.

Frå Øyghedlar går det bratt opp lia på skogsvegen som svingar seg mot toppen. Derifrå går det på ny sti forbi Smihedlar og tilbake til Bjønndalen litt overfor der vi starta.

Kulturminner:
Smihedlar

Gradering: Middels
Lengde: 10,2 km (t/r)
Stigning: 367 m
st