juli.14.2022

Opplevingar frå bilen

Opplevingar frå bilen

Opplevingar frå bilen 
Utdraget er henta frå Sirdal kommune, og skrive av Gudrun Kristine Ovedal
Dei fyrste turistane som kom til Sirdal skapte furore på Lunde i 1832 då dei forklarte at målet for reisa var berre å sjå seg om. Det var heilt framande på den tida å reise rundt utan mål og meining. I dag er det annleis, og sirdølar har blitt godt kjend med turisme. 


Av: Sirdal kommune/Gudrun Kristine Ovedal

Skal du reise gjennom Sirdal i dag for å «sjå deg om», så veit me at opplevinga vert større dersom ein kan læra noko/få litt ekstra informasjon undervegs. 

Kjekt å vite – om kontakten til Setesdal og skinnvegar
Det har vore tett kontakt mellom Sirdal og Setesdal i uminnelige tider, både handel og giftemål knytta dei to dalføra saman. Det var særleg setesdølane som var flittige med handelsturar over fjellet, noko som m.a. var fordi dei måtte til Stavanger når dei skulle betala skatt. Sidan skatten vart betalt med skinn og pelsvarer, blei ferdselsvegane over fjellet ofte kalla for «skinnvegar». Midt i den gamle «skinnvegen» mellom Suleskard i Sirdal og Hylestad i Setesdal, om lag 880 meter over havet, ligg Håhelleren (høyrer til i Valle kommune). Namnet kjem frå det gammalnorske ordet «Hå», som betyr høg, og henspeilar til størrelsen på hedlaren. «Denne Vei befares meget af Sætersdøler og Sirdøler. At Trafiken er betydelig kan skjønnes deraf, at der fra offentlig Side i lang Tid har været talt og skrevet om et større Veianlæg over denne Fjeldstrekning», skrev Valle formannskap i 1866. For å trygge ferdselen, ble det bevilget penger til veivisere over heia samt til bygging av en fjellstue ved Håhelleren. «På Grund af Taage, Uveir og Snefog, saa mangt et Menneske tilsætter Livet ved at styrte ned i Afgrunde, nedsnees og fryse i hjel». Den fyrste Håhellerstova vart bygd i 1867, på tuftene av ein buplass som var ved Håhelleren i byrjinga av 1800-talet. Fjellstova som er her i dag vart bygd i 1950. Denne tilhøyrar Turistforeninga, og har 9 sengeplassar. 

Kvæven Bygdetun / Sirdal fjellmuseum 
Ta gjerne ein stopp ved Kvæven Bygdetun. Her er det Turistinformasjon, og du kan ta ein vandringstur på tunet. Noko av det viktigaste med formidlinga ved museet er heieområda som omsluttar oss, og kva stor betyding heia har hatt gjennom alle tider. Ferdsels- og handelsvegane er allereie nemnd, men det har òg vore viktige område for drift av sau og for jakt. 

Om sau (driftehei): I byrjinga av 1800-talet starta nokre bønder på Jæren å senda sau til fjells med omreisande fehandlarar, fordi beitemarka heime var for liten eller dårleg. Ein oppdagar snart at sauer som hadde vore på beite i fjellet, var i betre form enn sauer som hadde gått heime i bumarka. Driftetrafikk med sau til høgheiene nord i Sirdal starta for alvor kring 1820. Driftene drog frå Jæren i juni, og kom tilbake ei gong i september. (Det er denne tradisjonen som er grunnlaget for det årlege arrangementet her på Kvæven «Sirdalsdagane»). Det stadig aukande antal med sau som vart førd til fjells, fekk etter kvart følgjer for det tradisjonelle stølsbruket som hadde vore i heiene her. Fleire bønder fann ut at det var meir lønsamt å ta imot driftesau enn å driva med stølsbruk. Mange av støls- og uteslåttene vart difor lagd ut som driftebeiter, og stølshytter kunne bli gjetarhytter. 

Heiberg (jaktterreng): I 1904 begynte Thorvald Meyer Heiberg å kjøpe opp store heieområde i Sirdal– og Setesdalheiene, til slutt var han det største landeigaren i Noreg med over 1 million mål. Han hadde ein forretningsidé om å leggja til rette for rikfolk, særleg utlendingar som kunne, og ville betala for jakt og fiske i norske høgfjell. Heiberg sette opp om lag 30 jakthytter inne i heia, frå 1 til 5 hytter på kvart felt. Den eine av desse vart i 2001 flytta frå Trongen og remontert på Kvæven bygdetun. I tillegg vart det bygd ei ”føringshytte” knytt til denne. 

Øysteinshedlaren 
Mellom Tjørhom og Omlid, kan du ta av vegen mot Tjørhom kraftverk. Frå parkeringa kan du sjå opp til Øysteinshedlaren. Her er òg tursti opp til hedlaren om du vil studera den nærare. som ligg vest for Tjørhom kraftverk. Hedlaren er 22 meter djup, og her har ein funne spor som syner at det har vore stor aktivitet her gjennom mange år. Her er det funne eldflint, trekol, beinsamlingar og fugleknoklar. Eit gamalt sagn frå Sirdal, fortel at kong Øystein kom ridande frå vest, i lag med hirden sin. Det var seint om kvelden då dei kom til Tjørhom, og han valde difor å overnatte i den store hedlaren. Hendinga gjorde nok stort inntrykk på den tida, for sagnet er seinare blitt fortald gjennom generasjonar fram til vår tid. Framleis har både hedlaren og bukta, Øysteinsevja, namn etter den gamle kongen. 

Dorgefoss 
Før Sira vart regulert (Sira-Kvina kraftselskap), var det eit stort og imponerande fossefall ved Dorga. Frå år 1900 finn ein følgjande frå historikaren Yngvar Nielsen som skriv dette om fossen: «Fremfor alle andre må Døjefossen nævnes,- et fald, som ikkje paa mange steder har sin ligemænd. Her har vandet arbeidet og gravet sig en dyb rende, hvori Sireaaens samlede vannmasse styrter ned. Alt, hvad nogen fantasi kan male om en foss, det er her,- det trange gjel, fosseduren og de hvirvlende støvskyer. I dybet driver vandet sin viltreste leg,- det farer frem i en kløft, mot hviklen Ridderspranget kun er ringe, og naar det tilsidst har udtømt sin kraft, kommer det frem af mørket i dagen. Dørjefoss er ingen Rjukan. Men den er derfor ligefuldt en stor naturmerkværdighed». Det er òg knyttet til mykje spenning og dramatikk til Dorgefoss. Eit gamalt sagn seier at dødsdømte personar fekk sjansen til å redde livet ved Dorgefoss. Dersom ein dødsdømt greidde å hoppa over fossen, frå vest til aust på ein bestemt stad, så skulle han få behalda livet. Ved rasteplassen ligg òg «Håvardsteinen», ein stein som vart løfta med handemakt av Håvard Torjussen Valevatn (1822-1880). Dorgefossen er Sirdal sin 1000-års stad. 

Gravminnefeltet på Skeie 
Nedanfor grenda Skeie renn elva Sira stille og rolig mellom stupbratte fjell. Langs elva si vestside, inne i ein furuskog, ligg eit freda gravminnefelt frå folkevandringstida (400 – 800 e.Kr). Det er registrert 23 gravhaugane her. Dei høgaste er om lag 1,5 m høge, medan andre er så låge i terrenget at det er vanskeleg å skilja dei ut frå den naturlege skogsvegetasjonen. Gravplassane vart ofte lagd langs ferdselsvegar på dominerande stadar i terrenget, slik at dei var godt synlege. Truleg var grunnen til dette at det var eit ønskje om nærhet mellom de levande og dei døde. I hedensk tid blei gravhaugar akta og frykta, og var sentrum for gudetru og forfedrekult. Forfedregravene var med på å skapa røtter og identitet, og knytta band tilbake til fortida. Dette er eit kjempeflott område med rasteplass og skilt med meir informasjon og gravminnefeltet. Her kan du òg ta ein vandringstur mellom gravhaugane. 

Sirdalsvatnet 
Sirdalsvatnet strekkjer seg frå Tonstad til Osen i ei lengd av 27 km. Arealet er 19 km2. Det største djupet, litt sør for Haughom, er 185 m. Mellom Virak og Haughom er vatnet på sitt breiaste: 1.2 km. Det smalaste punktet finn ein ved Mjåsund, det er 300 m. Sirdalsvatnet har frå gamalt av vore den viktigaste ferdselsåra for dei som budde langs vatnet. Skulle ein nokon stad var det som regel den enklaste løysninga å ro. Før dampbåten kom til Sirdalsvatnet, var det vanleg at ein rodde til byen, Flekkefjord, for å handle inn sommarmaten. Ein måte å gjere dette på var å ta med seg hest og kjerre i båten. Desse blei brukt på land frå Osen. Ofte starta ein roturen om natta, handla i byen om dagen og fòr heim att same kveld. Nordavinden var ofte lei å stri med på heimvegen, særleg når båten var fullasta med varer, folk og fe. På vinterstid blei varer og post frakta på isen. Om isen ikkje var trygg, hende det at ein drog ein liten båt på kjelke der det var is, og tok i bruk båten der det var ope vatn. Dette kunne nok vera farleg, men posten skulle fram! 

Holmen: Holmen i Sirdalsvatnet er om lag 170 meter lang, 6o meter brei og 10-12 meter høg. I byrjinga av førre hundreår høyrde Holmen til grenda Virak som felleseige. Ein tradisjon seier at “virlendingene” bytta bort Holmen til ein oppsittar i Haughom for eit ankar brennevin. Det mest spennande som er knytt til Holmen er soga om dronning Astrid sin flukt med sonen Olav Tryggvasson. Dette er eit svært gamalt segn som har blitt fortald mange stadar kring Sirdalsvatnet opp gjennom fleire generasjonar. 

Tyskerbunkeren: Vegstrekninga mellom Haughom og Tonstad vart ferdig i 1942, og var ein del av den “indre militærveg” mellom Stavanger og Kristiansand. Ein stad langs vegen var det svært smalt, med bratt fjell på eine sida og Sirdalsvatnet på den andre sida. Tyskarane bygde ein bunker her i 1943. Hensikta med dette dekningsrommet var å stansa dei allierte styrkene dersom dei skulle koma frå nordaust gjennom Sirdal. Bunkeren med Sirdalsvatnet er eit av dei få bevarte minnesmerke ein har i Sirdal frå krigen, og er sjeldan i landssamanheng då den ligg langs ein innsjø i innlandet. Tyskerbunkeren er vanskeleg tilgjengeleg i dag, men ligg ned mot Sirdalsvatnet, nord for «Berkjenesodden», eller den nye tunnelen. 

Nykkhedlar: Dette er ei grotte i berget, like over vassoverflata på vestsida av Sirdalsvatnet. Fjellet over er høgt og bratt og held fram ned i det kalddjupe vatnet nedanfor. Frå gamalt av sa dei at Nøkken heldt til her, det var mange som frykta den når dei rodde på Sirdalsvatnet. Det er meir informasjon om kulturminne kring Sirdalsvatnet på internettsida: www.naturtriangelet.no 
 

aktuelt

juli.10.2022

Sirdal sommerpark

Sirdal sommerpark

juli.20.2022

Turstoler med panoramautsikt

Turstoler med panoramautsikt

juli.19.2022

Sirdalsløyper - sammen skaper vi turmagi

Sirdalsløyper - sammen skaper vi turmagi